Kva, kvifor, korleis? Tankar om korleis ein trenar kan kommunisere
Leik og moro. Dette var stikkorda for starten av mi karriere i volleyball, og det gjeld truleg dei fleste. Konkurranse var ein sentral del av kvifor ein dreiv med idretten, men også miljøet med vener og kjente. Eg fann tidlig ut at det var gleden av utvikling som var grunnen til at eg slutta heilt med fotball, og valde volleyball som einaste idrett i starten av ungdomsskulen. Det å få ting til, og kjenne på kjensla av meistring, er nok ein sentral del av kvifor vi vel å fortsette med aktivitetane vi driv med. Slik eg ser det, er ei stor utfordring at trenarar og utøvarar ikkje har nok kunnskap om kva det neste ein skal jobbe med er, eller kva det er viktig å fokusere på gjennom kvar trening. Den meistringa og utviklinga ein har oppnådd stagnerer raskt, og leiar til at enkelte ikkje kjenner igjen gleda av å spele. Når ein jobbar med utøvarar er det trenaren som må stille seg spørsmåla; kva er det egentlig ein skal sjå etter hos utøvarane? Kvifor? Og korleis kan ein kommunisere dette tydelig, slik at spelarane enklare kan gjenkjenne situasjonane?
Ein av dei meir frustrerande situasjonane eg havna i som ung spelar, med lite erfaring og kunnskap, var når ein hadde fleire trenarar som meinte ulike ting om korleis du skulle utføre ulike teknikkar og handlingar. Ein blei ståande midt i mellom mange synspunkt, noko som leia til usikkerheit rundt kva ein faktisk skulle gjere. Det kjem alltid til å være ulike meiningar om korleis det er best å trene, og korleis ein skal utføre dei ulike delane av spelet. Meininga med dette innlegget er ikkje å gjere alle trenarar like, men å synleggjere at ein trenar bør ha med seg i tankane at fleire ulike tilbakemeldingar på same handling i same situasjon (som ofte er motseiande) er vanskeleg for ein spelar å fordøye, og ikkje minst lære av. Vidare kjem eg til å skrive om kva eg har erfart og lært gjennom åra som spelar ved Long Beach State, der kommunikasjon blei sett på som ein av dei viktigaste reiskapane for å gjere utøvarane betre, og vidare kva eg fokuserar på når eg gir tilbakemeldingar, både til unge utøvarar i rolla som trenar, og dei eg spelar med sjølv på elitenivå. Kvar skal ein starte?
Mål og meining. Dette er to ord som skildrar trenarane eg fekk erfare og jobbe med på college i USA. Det var alltid tankar om korleis ein skulle bli betre. Når ein fann ut kva ein måtte ha som fokusområde for å bli betre, vart det alltid satt mål for kva ein skulle jobbe med på trening. Som trenar kan det vere lett å sjå etter manglar og problem hos spelarane, og ein kan fort gløyme at spelarane også har ein tanke om kva ein treng å jobbe med. I Long Beach sat eg alltid med kjensla av at eg var til stades i mi eiga utvikling, og at eg alltid hadde eit ord med i prosessen når vi, som utøvar og trenarar, kom fram til kva eg trengte å jobbe med i den komande perioden. Nøkkelen var at det alltid blei kommunisert kvifor dei ønskte at eg skulle jobbe med det vi landa på, og korleis dei såg føre seg at vi skulle oppnå det resultatet vi sikta etter.
For å trekke fram eit konkret døme; lat oss sjå på tankane som låg bak det å bli ein betre servar. Etter at vi hadde avgjort at det var servinga ein skulle jobbe med og bli betre på, såg ein først gjennom kva ein allereie gjorde. Dette kunne vere alt frå posisjonen på baklinja ein servar frå, kva rutine ein har før serven, kvar ein kastar ballen, høgda på oppkastet, eller “timinga” på serven, for å nevne noko. Som oftast kom det fram at nøklane til suksess låg i kor god ein var til å gjenta faktorane over, utan at dei endra seg for mykje frå serv til serv. Med andre ord; å ha kontinuitet i det ein gjer. Det som ofte blei snakka om når det gjaldt meg sjølv var det å starte serven med eit djupt pust, kaste ballen mot høgre skulder (altså den armen eg skal serve med), og serve ballen medan eg var på veg opp mot ballen. No skal ikkje denne teksten handle om prosessen rundt det å serve, men korleis trenarane kommuniserte med meg om måla mine når eg var på trening. Kva sa dei? Og kva såg dei etter?
Trenarane lot ikkje resultatet av servane mine vere målestokken på om det var ein “god” eller “dårleg” serve, men såg på prosessen rundt; altså kor godt eg greidde å fokusere på dei tre nøklane vi hadde bestemt oss for i forkant av økta. Ut frå korleis eg fokuserte på arbeidsoppgåvene mine, målt gjennom kommunikasjon med meg, og utføringa av dei, kom tilbakemeldingane frå trenarane. Dei kunne høyrast slik ut: “No servar du ofte ballen på veg ned, men du har vore veldig flink til å få ballen over på høgre skulder”, eller “hugs å ta deg tid til å starte serven med eit djupt pust, for no ser det ut som du “rushar” deg gjennom servane”. Tilbakemeldingane var konkrete, inneheldt mykje informasjon om det vi jobba mot, og handla ikkje om alt det andre som kanskje kunne rettast på. Her må eg det nemnast at det vil vere utruleg viktig å framheve og forsterke dei positive handlingane! Det ein gjorde “rett”, må alltid vere hovudtyngda av kommunikasjonen. For meg som spelar, var det mykje lettare å godta tilbakemeldingane når eg var klar over kva dei betydde, og at det var noko vi saman var einige om at var viktig for å gjere meg meir effektiv frå servelinja. Men; det hadde ikkje vore lett å ta inn informasjonen om den kom med feil frekvens.
“Less is more” er eit av mange uttrykk eg tar med meg vidare frå USA. Sjølv om det som oftast kjem frå ein god plass, er det ikkje slik at ein bør “hjelpe” spelaren i alt han eller ho gjer. Her kjem frekvensen på, eller mengda av tilbakemeldingar inn. Trenarar og spelarar med mykje erfaring, som har lyst å hjelpe utøvarar, må forstå kva rolle ein har. Eg likar å sjå denne rolla som ein “guide”. Du er der for å rettleie spelaren, og for å få med deg om han eller ho kjem for langt vekk frå stien som leiar mot fjelltoppen (målet). Om du set deg på ein buss for sightseeing, der guiden aldri stoppar å prate og skal fortelle om kvar minste detalj, slik at du ikkje får tid til å fordøye inntrykka sjølv, vil du nok ikkje velje korkje turen eller guiden igjen. Mykje av dette vil vere likt for ein spelar som får høyre alt han eller ho gjer feil til ei kvar tid. Vi må gje spelaren tid til å utforske og jobbe med arbeidsoppgåvene i ein periode (både i spel og i “drillar”), slik at han eller ho sjølv kan lære seg kva som skal til for å justere handlinga ein fokuserar på.
Så lenge spelarane si forståing av verdien til informasjonen som blir kommunisert ligg solid forankra i botn, er det kontinuiteten i tilbakemeldingane som har den største krafta. Dette kan leie til at spelarane ikkje er redde for å feile, men heller vågar å gjere det som føles ukomfortabelt i dag, for å gjere det meir komfortabelt i framtida. Det vi vel å gjere i pressa situasjonar er det vi er komfortable med, og difor må vi legge til rette for at spelaren kan utvikle sine ferdigheiter i den retninga. Dersom spelarane derimot ikkje ser verdien av informasjonen det som blir kommunisert frå ein trenar, vil det vere vanskeleg å få ei slik utvikling.
Eg har ofte tenkt på kvifor kommunikasjonen eg vart utsett for i USA var så effektiv. Ein av grunnane, var at vi hadde eit felles “volleyballspråk” som fundament i programmet vi var ein del av. Korte ord og uttrykk, som alle skjønte innhaldet av, var nøkkelen til at ting vart veldig konkret, til og med i dei aller mest stressande augneblinkane. Det at vi fekk same tilbakemeldingar i trening og i kamp førte både til stor tryggleik i laget, at vi forstod viktigheita av tilbakemeldinga, og ikkje minst kvifor den var retta mot oss. Men, akkurat som med forskjellige språk i forskjellige land, så er det ikkje berre eit språk ein MÅ prate. Samstundes er nok tydinga av det meste som blir sagt rimeleg lik om ein ser på dei aller beste laga og miljøa vi har i verda.
For å oppsummere alle desse tankane; uansett kva tankar ein har om korleis ein skal utføre ei handling, handlar det til sjuande og sist om å være konkret med tilbakemeldingane over lengre tid, og heile tida ha fokus på å framheve dei positive hendingane. Vidare må vi få spelarane til å tru på det vi ønskjer at dei skal gjere, ved å bestemme oss for kva situasjonar vi skal legge mest vekt på gjennom treninga eller perioden, og kva situasjonar du skal la gå. Vi må fokusere på det vi i forkant har bestemt oss for at er viktigast, og som utøvarane sjølv har ei god forståing av. Slik vil vi utvikle oss meir effektivt! Og heilt til slutt, vil eg gjenta viktigheita av frekvensen på tilbakemeldingar. Det må ikkje være eit mas gjennom kvar einaste handling, men heller eit overordna blikk etter eit sett av repetisjonar. Vi må få eit inntrykk av tendensen til utøvaren, og ikkje bruke noko som tilfeldigvis skjedde på ein enkelt ball. Dette blir endå meir relevant når det kjem til kampar og spelsituasjonar, der det er mykje anna informasjon spelaren må ha i tankane, særleg i forhold til “drillar” der spelaren ikkje treng å tenke noko særleg. Orda til deg som trenar kan vere gull. Ikkje la dei bli gråstein!