“Eg har ein plan!” - Eit døme på kva trenarar bør ha med seg når ein set opp ei treningsøkt

IMG_8368.jpg

I dette innlegget vil vi sjå nærare på kva tankar som ligg bak treningsøktene vi organiserar, noko vi håpar vil inspirere til at vi alle kan bli litt betre til å planlegge, gjennomføre og evaluere treningsøktene våre. Vi tar utgangspunkt i tema som vi allereie har skrive om i dei tidlegare innlegga “Lat oss bli betre, endå raskare!” og “Kva, kvifor, korleis? Tankar om korleis ein trenar kan kommunisere”. Tenkjer du no at du ikkje har lest dei tidlegare innlegga? Då vil vi anbefale at du gjer det først, for så å fortsette på dette innlegget etter det. På den måten håpar vi å synleggjere at ting heng saman, slik at ein kanskje får ei betre forståing av kvifor vi gjer som vi gjer. Akkurat det er viktig å understreke; dette er det VI vel å gjere, og er såleis ikkje nokon fasit på korleis ein MÅ sette opp ei treningsøkt. Men, uansett kva metodar ein vel, så trur vi at heilskapen i det ein gjer er heilt avgjerande for å få suksess over tid!


Skribentane for dette innlegget (Bjarne Nikolai og Bendik) set opp økter i volleyball og sandvolleyball for å bli betre til å konkurrere i desse to idrettane. Det overordna målet for alle økter vi set opp, vil difor vere å trene på ein måte som maksimerar sjansen for at det faktisk skal bli resultatet over tid. Den vitskaplege ramma er på mange måtar bestemt, og vi tilpassar øvingar eller utfordrar kvarandre på kvifor ting blir gjort innanfor den ramma. Meir om denne ramma ein annan gong! (Eventuelt kan du lese litt om dei tankane i vårt første innlegg)


Før vi går til den meir detaljerte planlegginga av vårt døme på ei treningsøkt i volleyball, er det nokre punkt det kan vere lurt at trenarar reflekterer litt over. Kvar i sesongen laget ditt er, vil kunne ha ein innverknad på kor mykje energi ein har lyst til å bruke på “nye” ting. I ei sesongoppkjøring vil det vere meir tid for treningar der variantar av “blocked practice” (mindre spelnær trening) tar større plass, for at ein skal få spelarar på “same side” når det gjeld ord og uttrykk som blir brukt i spel, men óg for tekniske endringar individuelt hos spelarane. Sjølv om det er meir tid til slik trening i ein tidleg fase, vil likevel den spelnære treninga spele hovudrolla for oss.


Eit konkret døme på å vere på “same side”, kan vere forskjellen på kva steg spelarane nyttar i blokk “in system” (mot eit lag som er i system med mange angriparar tilgjengeleg) og “out of system” (mot eit lag ute av system, med færre angriparar tilgjengeleg). Dette er noko som spelarane i vårt lag og system må forstå verdien av; både kvifor ein nyttar dei, og korleis ein utfører dei for å få meir suksess saman som blokkarar. Om ein er komne inn i slutten av ein sesong, vil vi legge meir vekt på taktiske val i dei ulike fasane av spelet. Det kan vere mindre justeringar innad i det systemet vi allereie har etablert før, og tidleg i sesongen. Uansett om ein har eit konkret system eller ikkje, og uavhengig av kor detaljert eit slikt system er, så vil det vere viktig å ha kjennskap til kva spelarane eller laget har jobba med tidlegare (særleg om ein tek over ei ny gruppe på høgare nivå). Effekten av kommunikasjonen som skjer på bana vil svinge unødig mykje om ein ikkje har avklart kva forventingar ein har til spelarane på trening, og kva dykk som lag jobbar med til ei kvar tid.


Treninga vi legg opp til her vil kunne nyttast av lag som er komne langt inn i sesongen, men òg av lag som akkurat har starta oppkøyringa før ein sesong, der trenaren treng oversikt over korleis spelarane ligg an både teknisk, taktisk og fysisk. På den måten kan ein skaffe seg eit utgangspunkt for kva ein må jobbe ekstra med vidare i ei oppkøyring. Vi kjem til å sjå på planlegginga av treninga, kva vi ser på som viktig å kommunisere før starten av treninga, korleis og kvifor treninga ser ut som den gjer, samt kva vi vel å legge vekt på når vi avsluttar treninga.


Før trening

Lat oss seie at laget vi trenar i dette dømet, er eit seniorlag på høgaste nivå i Noreg. Vi er mellom 12-16 spelarar på økta, relativt jamnt fordelt på dei ulike posisjonane. Allereie her vil sikkert nokon tenke at det er ein luksus ein ikkje alltid har i Noreg, sjølv på høgaste nivå. Då utfordrar vi dokke på nettopp det; kva kan vi gjere for å alltid vere minimum 12 spelarar på økta? Til ettertanke, altså.


Vi har to baner tilgjengeleg, som vi undervegs i økta kan snu til ei stor bane. I Noreg, er det gjerne eit problem i mange hallar at den store bana er plassert midt i hallen, slik at ein stjel tre små baner ved å nytte ei stor. Eit tips til dei klubbane som har det slik; dersom ein borar to nye hol til stolpar i forlenginga av den store bana ein allereie har, og teipar opp nye linjer, så har ein plutseleg ei stor bane til trening som kun krev to små baner. Ei billig og bra løysing, som frigjer den tredje bana til anna bruk!


Treninga vår skal vare i to timar, inkludert oppvarming. Dersom ein har mindre tid enn dette tilgjengeleg på bana, vil vi anbefale at mesteparten av oppvarminga utan ball blir gjort før treninga startar.


Med desse praktiske opplysingane på plass, vel vi oss eit overordna tema for kva vi skal gjere. Dette er noko vi gjer for kvar trening, og noko som avgjer kva vi vil legge mest vekt på når vi kjem til den spelnære delen av treninga. Kva vi vel som tema kan variere frå trening til trening, eller vere ein gjennomgåande raud tråd i ein periode ut frå kva vi meiner laget treng. Denne treninga kjem til å ha highball som hovudfokus (det vil som regel vere høgare legg frå bak i bana, ofte som eit resultat av ein god serv eller eit godt angrep). Dette fokuset vil både gjelde for korleis vi skal spele blokk og forsvar mot desse situasjonane, samt korleis vi sjølve skal angripe i slike “tunge” situasjonar. 


Etter at vi har landa på kva tema vi fokuserar på, er det viktig å forberede det ein ønskjer å framheve i den samanhengen. Her kjem nøklane som spelarane skal forholde seg til gjennom økta inn. Vi ønskjer at spelarane skal forstå kva vi ser på i økta, og kva vi “målar” dei på. For oss, er nøklar noko som skildrar dei ulike delane av spelet, og som spelarane forstår både meininga med, og verdien av. Når laget vårt skal blokke mot ein highball, gjerne med tre spelarar, snakkar vi gjerne om nøklane “timing steg” og “fullføre linje”. Dei seier noko om oppgåvene til blokkarane, når vi har identifisert ein highball. Dersom vi plukkar ein ball i forsvar, og sjølve skal angripe på eit slik legg, vil vi nytte nøklar som å angripe “på veg opp”, “big ball” eller “nødutgang”. Detaljane rundt nøklane kjem vi tilbake til. Poenget er, at dersom ein har bestemt seg for eit tema, så er det ein fordel å ha gode nøklar for å skildre kva oppgåver spelarane skal jobbe med. Og, her er kontinuitet eit stikkord. Dersom vi som trenarar pratar om å angripe “på veg opp” den eine dagen, for så å skildre same situasjon heilt annleis ein anna dag, er det fare for at det blir vanskeleg å relatere seg til for spelarane. 


Vi skriv treningsøkta, inkludert tema og nøklar, opp på ei tavle før treninga, og går gjennom økta saman med spelarane før vi køyrer i gang. Dermed er vi alle på “same side” i forhold til kva som skal skje. Lat oss starte økta!


Treninga


Oppvarming:

  • “Foamrulling” 5 min

  • Dynamisk; bevegelsar og styrke 10 min

  • Bulgarian Blocking 5 min


Oppvarming, i ein eller anna form, er ein sjølvsagt start på ei økt. Varier gjerne frå dag til dag (felles, individuelt, spel/leik osv), slik at det ikkje blir for monotont og kjedelig, samstundes som ein får varma opp det ein treng. For yngre utøvarar, ville vi involvert ballen så tidleg som mogleg i til dømes ulike spel og leikar, der vi gjerne bryt opp med øvingar som til dømes frå den norske appen “Skadefri” (sjekk ut www.skadefri.no). Dei yngre har ofte færre økter i veka, og fokuset vil difor vere noko annleis enn for seniorlaget i vårt døme.


Denne treninga startar med felles “foam rolling”, der ein av utøvarane leiar an. På denne måten vil spelarane få “mjuka opp” kroppen, og gjerne auka mobiliteten (på kort sikt), slik at dei lettare kjem i gode posisjonar når vi startar den dynamiske oppvarminga. Den dynamiske oppvarminga vil innehalde ein miks av ulike rørsler, inkludert styrke, gjerne styrt av ein fysisk trenar (eventuelt trenar/utøvar). Førebu kroppen på dei rørslene den vil møte dei neste timane!



Døme på dynamisk oppvarming frå USA sitt herrelandslag i volleyball


Med den dynamiske delen fullført, gå vi vidare til meir spesifikk oppvarming med tanke på det arbeidet vi skal gjere i blokk. “Bulgarian Blocking” er ei rytmeøving for trippelblokking, der vi legg særleg vekt på ein av nøklane våre for økta, “timing steg”. Det steget er det lille “shuffle-hoppet” du ser på videoen under, og er noko vi nyttar for at alle tre blokkarane skal vere i same rytme. Når blokkarane på vårt lag ser ein highball på andre sidan av nettet, betyr det automatisk at no er det “timing steg” som gjeld. I tillegg til å få trent på desse stega, er dette ein fin måte å kontrollert få hoppa og landa i starten av ei trening, som ein avsluttande del av den fysiske oppvarminga.


“Bulgarian Blocking” demonstrert av Long Beach State sitt herrelag


Ballbehandling:

  • “Timeglas”/”Hubert”: 5-10 min

    • 30 legg med fingerslag (hittable), 20 legg med baggerslag (hittable) = minus 5 om 3 “unhittable” legg på rad.

  • Small game: 5 min

    • 2v2/3v3 innanfor 3-meteren. Paradis?

- OTNP: 10 min (5 min kvar side)

  • CC pepper (posisjon 4, 5, 6, 2 og 4, 6, 2, 1)

    • Kan eventuelt fjerne oppleggar ved nettet, og kun spele med dei tre i 6, 5 og 4 eller 2, 1 og 6.


Etter oppvarming, startar vi den delen vi har vald å kalle “ballbehandling”. Vi brukar ikkje tid på å spele ball to og to, og set heller desse repetisjonane i samanheng med forsvar og legg (highball) med ein gong, som også rimar godt med det som er fokuset for treninga. Sidan vi ikkje skal hoppe no, skjer dette på eiga side av nettet. Samstundes ønskjer vi å bruke nettet og bana på ein måte som er relevant for det som skal skje seinare. Det er likevel legginga, og presisjonen i den, som er det viktigaste her. “Timeglas” er ei øving der ballen blir slått diagonalt (eventuelt både diagonalt og linje dersom ein ønskjer det), spelt opp av ein forsvarspelar, og vidare lagt til motsatt diagonal framme ved nettet (og fortsetter slik). Den som legg ballen dekkar under blokka, roterer til dit han eller ho har lagt, og den som var forsvarsspelar blir neste oppleggar. Vi deler inn i grupper for å få flest mogleg repetisjonar per spelar. Dersom vi til dømes er 15 stk, vil vi dele i tre grupper på fem spelarar, i staden for to grupper på åtte og sju.


Vi gjer to runder med “timeglas”. I den første runda ønskjer vi 30 “hittable” (ballar som kan angripast på) legg med fingerslag, før vi ønskjer 20 “hittable” legg med baggerslag. Dersom vi legg tre ballar på rad som ikkje er “hittable”, blir det minus fem treff på gruppa. Moment som antal treff og konsekvensar/belønning, bør alltid tilpassast nivået ein trenar. Vi ønskjer legg som er innanfor antennene (heller for kort enn for langt) og tett nok (heller for tett enn for langt frå nettet).


Etter omlag ti minutt med legging, er det på tide at ballen går over nettet. Sidan vi skal legge tett nok i dei tunge situasjonane, er det viktig at spelarane evnar å handtere at legget blir for tett nokre gonger. Her må angriparane oppfatte desse situasjonane, og ha ferdigheiter til å hoppe rett opp og ned, og mindre framover. Dette vil samstundes kanskje vere det beste tiltaket ein kan gjere i forhold til å førebygge overtråkk som skjer ved nettet.. Ein må vere dyktige til å “covre” angriparane når dei spelar ballen i blokka, og angriparen må vere dyktig til å covre seg sjølv. I slike småspel (small game) kjem det mange slike situasjonar. Her spelar vi 2/2 eller 3/3 innafor 3-meteren, der alt er lov (vanleg volleyball). Dette er kjekke spel som gir mange berøringar over nettet, samstundes som spelarane sin kreativitet blir utfordra. Spelarane hamnar i krevjande situasjonar som dei må løyse ved nettet, og bruken av slike spel vil betre evna til å handtere desse situasjonane i vanleg spel. Vi kallar det gjerne “volleyball IQ”. Dette spelar vi ofte i “paradis”-variantar på fleire baner.


Vi går vidare til “OTNP” (Over The Net Pepper). Her har vi spelarar i posisjon 2, 6, 5 og 4 på begge sider av nettet, og vi angriper frå posisjon 4 eller 6 mot den halvdelen av bana der vi har spelarar i forsvar. Alle spelar alle posisjonar, og vi roterar eit hakk på den sida ballen går over nettet frå. Vi ønskjer fortsatt å vere presise med legging (der mange situasjonar vil bli ein highball), og samstundes øve på timinga i desse angrepa. I utgangspunktet er den som til ei kvar tid står i posisjon 2 oppleggar, men det vil vere fleire situasjonar der nokon av dei andre må legge ballen. Merk; når du står ved nettet som oppleggar, då er du oppleggar! Du er ikkje ein midtspelar som tilfeldigvis står der, sjølv om det kanskje er den posisjonen du spelar normalt.


Eit alternativ, både for å få fleire highballs og dersom ein er færre spelarar, er å ta vekk posisjon 2, og kun ha spelarar i 4, 5 og 6. I OTNP ønskjer vi å halde ballen i gang, men samstundes at angriparane stiller krav til dei som spelar forsvar. Dersom vi er heilt feilfrie, både i angrep og i forsvar, har vi truleg stilt for låge krav (set heller raskt i gong ein ny ball når ballen går i bakken). Etter fem minutt ein veg snur vi, og gjer det same i fem minutt med angrep frå posisjon 6 eller 2. Vi har fokus på highball, i form av både legg og angrep, men her får ein ôg jobba med andre element, som til dømes plassering og posisjon i forsvar. Tips; særleg med yngre grupper kan det vere krevjande for ein trenar når det blir gjort masse feil i til dømes angrep. Dersom du då står klar med ein ny ball med ein gong, kall det gjerne ein “korreksjonsball” i form av til dømes eit legg til ein angripar, så er ballen raskt i gong igjen, og spelaren som gjorde feilen får ein ny sjanse med ein gong! 

IMG_8364.jpg


Arbeid på to baner:


Bane 1:

  • Highball-blokk mot legg 5 min

    • 1 x leggar og 1 x libero på den eine sida


Bane 2:

  • Angrep frå highball mot strikk + tre spelarar i forsvar 5 min

    • Starte tilløp frå nettet → komme seg av nettet → angrep


Før vi vrir til ei stor bane, delar vi gruppa i to, for å jobbe vidare med blokking og angrep, høvesvis mot og frå highball. På bane 1 spinn vi ballar (slår med toppspinn) inn frå blokkarane si side, til anten leggar eller libero. Dei legg ballen til posisjon 2/1, 6 eller 4. Blokkarane må identifisere situasjonen, og sette ei trippelblokk. Dei tre som blokkar kan få éin repetisjon, eller fleire repetisjonar på rad (som om ballen blir resirkulert via blokka frå angriparen, og ein må blokke på nytt). Uansett om vi gjer ein repetisjon eller fleire, så vil blokkarane alltid trene på å komme seg av nettet etter den siste repetisjonen, slik at ein er klare til å kunne angripe i overgang. Sjølv om vi trenar på ferdigheiter meir isolert i denne delen, så ønskjer vi å komme så nære volleyball som mogleg. Det å hugse på å komme seg av nettet etter at ein har blokka, er eit ganske enkelt grep mange ikkje hugsar på å gjere i samanheng med trening, men som er utruleg viktig å meistre når målet er å bli flink til å spele volleyball.


På bane 1 fokuserar vi på blokkarane sitt “timing steg”, og at dei tre blokkarane er synkrone med dette steget. Det som skjer før eit slikt steg har stor innverknad på kvaliteten, og vi fokuserar difor samstundes på at blokkarane står i god balanse og godt forberedt i det legget blir lagt (vi brukar gjerne nøkkelen “atletisk prepp” for det). Eit “timing steg” skjer alltid som ein reaksjon på legget (highball), og difor kan vi ikkje ha spelarar som er slurvete med måten dei “preppar” på.


På bane 2 jobbar vi med angrep frå highball. Spelaren (ein om gangen) gjer ei rørsle i blokk, medan ein trenar spinner ein ball over nettet. Spelaren landar, og jobbar med å komme seg godt av nettet. Ballen blir spelt opp av libero/oppleggar, og som vidare legg ein highball til spelaren som har henta seg tilløp. Sidan vi ønskjer at highball-legga blir lagt innanfor antennene, vil det vere gunstig for angriparen å halde tilløpet sitt nære sidelinja, slik at ein enkelt kan justere inn dersom legget blir kort (eit slikt legg som er for kort, ser vi på som ein “god feil”). Angriparen jobbar med å sjå utgangen av legget, få beina til ballen, og angripe ballen “på veg opp”. For å fremje det siste, har vi satt opp ein strikk som går frå antenne til antenne, der målet til angriparen er å slå ballen over strikken og inn på bana. Strikken bør altså vere på ei høgde som er mogleg å handtere for angriparane. På den måten gjev vi spelaren eit eksternt fokus som er i tråd med nøkkelen å angripe ballen “på veg opp”. Vi set tre spelarar i forsvar mot angriparen, der dei, dersom dei plukkar ballen, får moglegheita til å legge ein highball sjølve.


I denne perioden vil det variere litt kven av spelarane som er på dei ulike banene. Midtspelarane er eit unntak, då dei vil halde seg mest til å blokke på bane 1. Ellers vil dei andre posisjonane skifte mellom banene, slik at ein får repetisjonar i alle fasar.


No brukar vi eit minutt på å snu om til stor bane, før vi jobbar vidare!


Arbeid på ei bane (stor):

  • Angrep highball mot blokk og forsvar 8 min

    • Angrep frå posisjon 4 og 2, i tilfeldig rekkefølge

  • Serve + mottak + nettoppvarming 8 min

    • Skifte side halvvegs

IMG_8369.jpg


Etter å ha snudd bana, set vi saman dei to forrige sekvensane, og vil no trene på å angripe frå highball mot eit fullt lag i blokk og forsvar. Vi lar oppleggar/libero (høvesvis posisjon 1 og 5) legge frå angrepssida, der vi lagar ein kø med 2-3 angriparar både i posisjon 4 og 2. Etter eit angrep går ein ut av køa. Her, som alle andre stader, er det fleire moglegheiter for organisering. Eit alternativ er å enkelt spinne ballen inn på anten libero eller leggar. Eit anna alternativ kan vere å kaste inn eit legg som er av nettet på den sida som spelar blokk og forsvar, slik at dei sjølve må sette den ballen på til dømes oppleggaren, og så vidare organisere seg for å blokke/spele forsvar mot highball. Dersom angrepet blir plukka i forsvar, lar vi sida som spelar blokk og forsvar få legge på den overgangen, før vi stoppar og set i gang ein ny ball. Framleis fokuserar vi på dei same nøklane; til dømes “timing steg”, “på veg opp” og “atletisk prepp”. Dersom vi er i ein fase der vi tenkjer at laget har god kontroll på både steg i blokk mot highball og korleis vi bør angripe i desse situasjonane, kan det vere at vi går rett på den samansette delen, utan å arbeide separat på to baner først.


Sidan serv og mottak er ein så sentral del av spelet i både volleyball og sandvolleyball, går det aldri ei trening utan at vi brukar tid på desse elementa. Denne gongen kombinerar vi det med at spelarane får angripe etter mottak som “nettoppvarming”. Igjen, så er det mange måtar å gjere dette på. Vi vel å plassere ein oppleggar ved nettet, og ein libero som mottakar saman med den som skal angripe (begge deltek i mottaket). Libero/leggar blir ståande på den sida dei er, medan angriparen vil rotere over nettet for å serve etter angrepet. Vi tar i mot, legger og angrip frå venstre sida av bana dei første fire minuttane, før vi gjer det same frå høgre side den siste halvdelen av tida.


Spel/spelnært:

  • 6 x 6

    • BSBH omlag 15 min

      • Serve → Angrep av nett → Highball → Serve

      • Tre sekvensar → skifte framme/bak (totalt seks sekvensar per lag)

    • Multiball 5 min per rotasjon til tida er ute

      • Serve + Highball


I denne treninga gjer vi to variantar av spel/spelnært, seks mot seks, totalt i 45-50 minutt. Begge variantar har highball som ein sentral del, sjølv om vi alltid spelar ut alle ballar, og såleis vil få alle moglege situasjonar i løpet av denne tida. I den første varianten, BSBH, spelar vi utan å score poeng, men for å trene på ulike situasjonar. BSBH (kort for “Ball Setter Ball Hitter”) er designa først og fremst for å trene på det systemet ein har i blokk og forsvar, gjennom ein sekvens på fire til fem ballar, der ein introduserer ulike situasjonar ein ønskjer å framheve. I sekvensen vi har vald denne gongen, er den første ballen ein serv, der ein spelar ut ballvekslinga utan andre krav. Ball nummer to (angrep av nett) blir kasta inn som eit legg av nettet til laget som servar, som må gjere eit godt val med den ballen, før ein vidare spelar ut ballvekslinga. Dersom angriparen har moglegheit, ser vi gjerne at denne ballen blir spelt mot oppleggar eller diagonal på den andre sida, slik at ein aukar sjansen for å anten ta ut ein angripar, eller at ein får ein situasjon med highball tilbake. Ball nummer tre (highball) blir spelt inn på den sida som spelar servemottak, der den første kontakten må spelast av nettet, slik at det blir ein highball-situasjon. Den fjerde ballen er lik den første, nemleg ein serv.


Vi spelar kvar sekvens effektivt, med lite pause mellom dei fire ballane, og tar heller litt tid mellom kvar sekvens. Ved ein servefeil, står ein spelar/trenar klar til å spinne/flakke inn ein erstatning for serven. Etter tre sekvensar skiftar vi framme og bak på begge sider av nettet, og spelar tre sekvensar til, før vi skiftar kva lag som servar. Vi gjentek det same med eit nytt lag som servar. På denne måten sikrar vi at alle spelarar får mange repetisjonar på dei elementa vi har fokus på, samstundes som ein, ved å spele ut alle ballar, blir utsett for det tilfeldige spelet volleyball faktisk er.


BSBH kan designast på mange moglege måtar, alt etter kva ditt lag har behov for å trene på. Dersom ein til dømes skal møte eit lag med nokre tydelege tendensar ein må handtere, så vil det vere naturleg å legge dei situasjonane inn i sekvensen. Eventuelt kan ein gjere som oss; vi har identifisert at vi treng å trene på highball i fleire element, og legg difor inn det i vår sekvens. Som trenarar, jobbar vi vidare med dei same nøklane som tidlegare i økta. Vi ser etter kor godt spelarane utfører “timing steg”, om dei er raskt på plass og “atletisk preppa” i blokk, og om dei er flinke til å komme seg av nettet og angripe ballen “på veg opp” i overgangsspelet. Sidan vi ønskjer å oppretthalde intensiteten i sekvensen, vil ikkje vi som trenarar avbryte ein sekvens med mindre det skjer noko “dramatisk” (som til dømes at nokon ikkje går etter ein ball i forsvar). Vi ventar heller til sekvensen er ferdig med større tilbakemeldingar. Når ein skal coache i spel, eller i spelnære øvingar, vil alle moglege situasjonar oppstå. Det stiller krav til deg som coach, i form av at du helst bør sjå etter nokre element, i staden for å kommentere alt. Hugs; gull, ikkje gråstein!


Multiball er den siste varianten i denne økta, der vi fortsatt spelar seks mot seks. Her ønskjer vi at spelarane skal konkurrere om poeng, samstundes som vi følgjer den raude tråden ved å legge inn highball som eit element. Multiball fungerar slik; vi startar med ein serv frå den eine sida, og spelar ut den ballen. Laget som har serva, får deretter ein highball, gjerne ved at ein spinner over ein ball som dei må spele opp bak i bana (dei må altså legge og angripe på den ballen). Ein må vinne begge desse to ballane, for å score eit stort poeng. For dei som servar, betyr det altså at dei må vinne det første poenget på eigen serv, for så å vinne ein situasjon der dei må starte med ein highball. For dei som tar i mot, betyr det at dei må vinne ein sideout, for vidare å vinne ein situasjon der den andre sida må starte med ein highball. Dersom det blir uavgjort, så nullar vi ut dei ballane (“wash”, ikkje stort poeng til nokon av laga). Etter to ballar, altså serv og highball frå den eine sida, er det den andre sida sin tur til å gjere det same. Slik skiftar vi annankvar gong, heilt til tida er ute.


Multiball er eit døme på eit spel der det vil vere føremålstenleg å nytte tid til å kontrollere kor lenge ein skal halde på (i motsetnad til at ein skal til ein viss score, som kan vere vanskelegare å berekne). I vår variant, gjer vi det slik at vi spelar kvar rotasjon i fem minutt, slik at seks rotasjonar vil ta omlag 30 minutt. Det vil seie at til dømes første rotasjon på den eine sida, spelar mot første rotasjon på den andre sida i fem minutt, før ein skiftar. Det treng ikkje vere same rotasjon på begge sider, så lenge vi kjem gjennom alle rotasjonane. Etter dei første fem minuttane, vil det laget som leiar (har flest store poeng) i den rotasjonen leie 1-0 i sett. Etter dei neste fem minuttane, der to nye rotasjonar har spelt mot kvarandre, er det kanskje 2-0. Dersom det etter alle rotasjonane blir likt, kan ein avgjere det ved å spele ein rotasjon til, der begge lag må nytte den rotasjonen dei scora minst poeng i under den førre runda.


Multiball kan, på same måte som BSBH, formast etter kva ein ønskjer eller har behov for. Dei same nøklane gjeld fortsatt for oss som trenarar, og no får vi sjå korleis spelarane handterar desse i samanheng med konkurranse. Det er viktig å understreke at i det som er spelnært og spel, ser vi på utføringa av nøklane, men vi legg særleg vekt på korleis spelarane kommuniserer på bana. “Munnen beveger beina” er eit uttrykk vi gjerne nyttar. I eit komplekst spel som volleyball, der kvar situasjon er ulik, og oppgåvene til spelarane heile vegen vil endre seg, står evna til å identifisere situasjonar sentralt. Når vi til dømes jobbar med highball, vil det første som skjer vere at spelarane kommuniserer at dei ser ein slik situasjon, og at dei deretter veit kva det betyr for deira oppgåver. For blokkarane, vil highball bety “timing steg”, og vidare seie noko om korleis dei skal plassere blokka. Det er viktig med mykje kommunikasjon på bana, men endå viktigare er det at kommunikasjonen som skjer har innhald og informasjon som kan hjelpe laget.


Ein viktig forskjell på BSBH og multiball, er kor mykje ein spelar fokuserer på. I eit treningsspel som BSBH, kan spelarane jobbe med fleire ulike nøklar, sidan hovudmålet med den øvinga er prosessen og ikkje nødvendigvis resultatet. I multiball står evna til å “finne ein måte å vinne på” meir sentralt, og då vil ein spelar gjerne snevre fokuset inn på ein eller to nøklar. For å teikne eit bilete; i BSBH trenar vi for å få betre og fleire kort på hand, medan vi i multiball spelar dei korta vi har for å vinne!

IMG_8366.jpg


Etter trening


På same måte som i sjølve treninga, er det fokusområdet og nøklane som står i sentrum når vi samlar spelarane for å avslutte økta. Som trenarar, evaluerer vi det vi har sett i forhold til dette, og er opptekne av å trekke fram konkrete dømer på kva som har vore bra, og på kva som har vore meir utfordrande. Vidare peikar vi på korleis vi skal ta med oss desse dømene inn i dei neste øktene. Trekk gjerne fram spelarar som går framfor som gode ambassadørar for det ein har jobba med, slik at spelarar som slit meir kan ha eit bilete av kva ein ønskjer å få til. For oss, er bruken av video på trening viktig. Vi filmar mykje, særleg av delane som er spel eller spelnært, slik at spelarane enklare kan danne seg eit bilete av korleis ting EIGENTLEG ser ut (“feel” vs “real”).


Vi håpar at dette dømet på korleis vi tenkjer, kan vere inspirerande eller til nytte for deg. Lukke til!



Previous
Previous

Positiv og vinnande energi på bana - Tips for å skape (eller potensielt øydelegge)

Next
Next

Kva, kvifor, korleis? Tankar om korleis ein trenar kan kommunisere