Positiv og vinnande energi på bana - Tips for å skape (eller potensielt øydelegge)
Kor ofte har du ikkje høyrt; “no må vi opp med energien her” eller “folkens, det er for lite energi på bana”? Det er truleg ikkje eit uvanleg fenomen i mange lag. Evaluering av siger eller tap, handlar ofte om at ein i kampen anten var “på” som lag, eventuelt “ikkje på”. Du har truleg hatt kjensla av god energi på trening og i kampar, både undervegs og i etterkant. Har du nokon gong tenkt på kvar energien i trening eller kamp kjem frå? Er dette noko vi kan kontrollere eller påverke? Det som følgjer, er ikkje ein vitskapleg tekst. Dette er våre tankar om korleis vi som individ og lag kan bli litt betre til å gjere dei rundt oss gode.
Korleis påverkar vi kvarandre?
Vi påverkar kvarandre i ulik grad i ulike samanhengar, både på og utanfor bana. I det store og det heile er det er heilt opp til oss sjølve om vi gir energi til kvarandre, eller tar energi frå kvarandre. Enkelte personar kan dra all energi ut både lag, eit rom eller ein gjeng som skal hygge seg. Kvifor er det slik? Her er det nok eit hav av potensielle grunnar, men lat oss nemne nokre element vi opplever som avgjerande; kroppsspråk, augekontakt, humør og bruken av smil, kommunikasjon, feedback og innstilling. Før vi går vidare inn på kva som skapar energi i trening og i kamp, må vi sjå nærare på korleis vi kan bruke slike reiskapar til å påverke kvarandre:
1. Kroppsspråk - Mykje av kommunikasjonen i lagidrett skjer ved hjelp av kroppsspråk. Her er det ingen fasit, men dei personane som tar energi frå laget eller treningsøkta har gjerne eit oppgitt, umotivert, negativt eller passivt kroppsspråk. Dei som gir energi er aktive, tydelige, samlande og offensive. Lloy Ball, tidlegare oppleggar for USA sitt herrelandslag og OL-vinnar frå 2008 (her med knytta neve på biletet under), kan vere eit døme på ein spelar med eit kroppsspråk som gir energi.
2. Augekontakt - Gjennom augekontakt skapar vi mellom anna tryggleik, tillit, stadfesting og samhald. Bevisst og god bruk av augekontakt vil kunne opplevast som inderleg og ekte for mottakaren. Ein særs viktig reiskap for å skape gode prestasjonar! Tarjei Skarlund (til høgre i biletet under) er eit døme på ein utøvar som nytta denne reiskapen på ein god måte.
3. Humør - Smil, latter og humor er faktorar som ofte kan gje det vi, i vårt vitskaplege perspektiv, vil kalle “god stemning”. I eit prestasjonsmiljø er “god stemning” ein essensiell faktor, som til dømes “olja” i eit maskineri. Altså, med føresetnaden om at ein driv med idrett fordi ein synes det er kjekt, uansett nivå! Den amerikanske liberoen Erik Shoji (hoppande på biletet under), er eit døme på ein som ikkje brukar lang tid frå eit smil til det neste.
4. Kommunikasjon og feedback - Vi kommuniserer og gir feedback for å bygge opp under og skape gode prestasjonar! Og når gode prestasjonar skjer, må ikkje det gli forbi som ei sjølvfølge. Ein viktig biverknad for å ta vare på heilskapen, er at ein også må kunne komme med konstruktiv feedback når det er naudsynt, utan at mottakaren kjenner det som eit “angrep”. Dani Lins (biletet under), oppleggar for Brasil sitt landslag gjennom mange år, er eit døme på ei av fleire i verdstoppen som kjenner verdien av god kommunikasjon.
5. Innstilling - Her er det sjølvsagt fleire innstillingar som vil gi eller ta energi. Hardt arbeid vil til dømes kunne gje energi, medan lite innsats truleg vil ta energi. Vegard Paulsen (i kvit drakt på biletet under) frå BK Tromsø er eit strålande døme på det vi vil kalle god innstilling.
Med desse fem reiskapane pakka ned i treningsbaggen, kan vi gå vi vidare inn på korleis vi kan nytte desse i praksis. Du lurer på kvifor ein skal bry seg om dette? Jo, fordi det kjem til å skape gode prestasjonar!
Korleis skapar vi energi?
Dette spørsmålet bør vi ha eit forhold til når vi gong på gong ser at ei øving ikkje har det “trøkket” ein ønskjer, eller laget manglar energi i samanheng med ein kamp. Det vi er rimeleg sikre på, er at slik energi ikkje kjem av seg sjølv. Og, som med alt anna, kan ein trene for å auke sjansen til å lukkast med å skape den positive og vinnande energien.
Ein vil gjerne oppleve at energien på trening er høg i øvingar med mykje “action”, eller med stor intensitet. På same måte vil ein sjeldan sakne energi når eit lag presterar godt mot gode motstandarar. Er det slik at ein MÅ ha øvingar med høg intensitet for å skape energi i samanheng med trening? Nei. Er det slik at ein berre kan prestere vinnande handlingar for skape energi i samanheng med kamp? Nei.
Lat oss starte med trening. Er spelargruppa kjent med, og bevisst på dei fem reiskapane vi har peika på over? Dersom ikkje, så kan vi starte med nettopp det. Og ein må gjerne velje andre punkt. Bevisstgjering på slike punkt, og ei felles avklaring av forventingane til korleis dei bli nytta i vårt lag, vil kunne auke sjansane for å lukkast saman. Eit konkret døme på noko som vil skape energi i alle samanhengar, er å verdsetje gode handlingar. Og dersom ein samstundes klarar å kople ei positiv utsegn som til dømes “bra”, saman med noko konkret, som til dømes noko du veit spelaren eller laget jobbar med, så trur vi du treff midt i blinken.
“God serv Bjarne, der du tar ballen på veg opp!”
“Bra forsvar Lars, du står godt plassert i forhold til sidelinja!”
“Bra blokk Bendik, no hoppar du rett opp og ned. Det er lett å spele forsvar bak deg!”
Det pussige er, at i alle desse tre døma tapte vi poenget. Eller så vant vi. Bjarne serva kanskje nokre centimeter ut på baklinja, eller nokre centimeter inn. Lars spelte kanskje ballen litt for tett på nettet, slik at ein eller anna lang kar frå Bergen slo inn ballen. Eller, han spelte ballen perfekt opp, slik at vi scora poeng tilbake. Uansett, så har vi fokus på at tydeleg og hardt arbeid er positivt, og noko vi bygger opp under uansett resultat. Ikkje for å trøyste, men fordi vi inderleg meinar det! Og vi meinar det med til dømes augekontakt, ein tydeleg high-five, og eit smil.
Dersom alle i ei gruppe jamnleg poengterar slike handlingar, vil ei kvar øving opplevast som full av energi, i tillegg til at dei som utfører handlingane får auka sjølvkjensle. Er det nokon grunn i til å ikkje gjere dette? Nei. Og, gode handlingar må aldri få lov til å bli ei sjølvfølge, korkje i trening eller i kamp! Det skal ikkje “berre vere sånn”, når ein til dømes plukkar ein ball i forsvar, eller legg ein bra highball, målt i måten vi reagerer på. Kva skjer dersom gode “vanlige” handlingar blir ei sjølvfølge, og ein kun inderleg bygger opp dei gode “ekstreme” handlingane? Då vil ein mest truleg gå kraftig i minus.
Vi går vidare til kampar. Generelt, så er det “enkelt” i idrett å halde oppe god energi dersom ein presterer godt over tid. Sett på spissen, så er det enkelt å spele bra. Kunsten er å vere best til å spele “dårleg”, og ha ulike reiskap for å gjere dei periodane så korte som råd. Kva skjer når prestasjonane uteblir? Det er heilt sikkert at det vil komme periodar der du eller laget slit. Det er faktisk det einaste vi kan garantere. Korleis reagerer vi då? På same måte. Vi verdset dei gode handlingane, og nyttar kroppsspråk og augekontakt som bygger opp makkeren eller laget. Dersom gode handlingar kun handlar om resultat, og ein ikkje har eit forhold til det å vere prosessorientert, så vil det vere særs krevjande å klare å skape denne energien når ein kanskje treng det som mest. Dette er ein evig sirkel, og suksess i denne sirkelen er avhengig av at ein bevisst jobbar med desse momenta. Energi er ferskvare, og det er alle si oppgåve å bygge den.
Vi trur at for å auke sjansen for suksess saman i volleyball eller sandvolleyball, både på trening og i kamp, så vil det i stor grad handle om å forstå at den viktigaste oppgåva di som spelar eller trenar er å gjere dei rundt deg gode. Ein gong til; oppgåva di er å gjere andre gode. Det å bidra til å skape energi, ser vi som ein viktig del av denne oppgåva. Dersom ein ikkje klarar å vere “heile pakken”, med alle reiskapane (noko som vil vere krevjande for mange), så kan ein til dømes velje seg ut delar ein kan jobbe med. “Eg jobbar med å vere flink til å halde augekontakt”, kan vere eit slikt døme. Eller kanskje jobbar du med å vere til stades når du ser gode handlingar frå andre, og sørge for å verdsetje dei så ofte du klarar. Mest truleg, så vil ikkje ein trenar gje deg tilbakemelding på desse momenta. Men tru oss, du gjer ein utruleg viktig jobb for laget ditt!
Oppgåva di er å gjere andre gode. Kanskje det er noko vi saman kan ta med oss vidare? Dersom vi klarar å tenkje i dette perspektivet i volleyball eller sandvolleyball, så vil gode ting skje. Og, det er ikkje sikkert at det er så dumt utanfor bana heller. I ein slik prosess, så vil det første steget vere å oppdage dei situasjonane ein ikkje er der ein bør vere. Dersom ein vidare klarar å ta seg sjølv i det når det skjer, og gradvis endre til dømes kroppsspråket, så vil ein med tida kunne endre reaksjonen. Og, det vil gjere dei rundt deg betre! Kva skjer om dei rundt deg jobbar på same måte? Det kan lesarane få rekne ut sjølve. Det handlar om å skape gode prestasjonar på sikt.
For å oppsummere, så vil alle momenta vi snakkar om over handle om å vere til stades i treninga eller i kampen. Det kan ikkje vere blindt avhengig av det resultatet du sjølv produserer med ballen frå ei ballveksling til den neste. Dette må skje uavhengig av dette. Kontinuitet er eit viktig stikkord. Når trenarar skal vurdere ein utøvar, handlar det gjerne om kven utøvaren er når ein presterer godt. Vi spør; kven er du når det går dårleg? Og kor god er du til å gjere andre gode? Lukke til.