Sandvolleyball - frå meistring og glede, til olympiske draumar

https://premium.vgc.no/v2/images/67732115-a7f3-427b-b218-4cf4a3865c1c?fit=crop&h=1365&w=2048&s=e6df0d57c076119697a2930c5a9172829800393f

https://premium.vgc.no/v2/images/67732115-a7f3-427b-b218-4cf4a3865c1c?fit=crop&h=1365&w=2048&s=e6df0d57c076119697a2930c5a9172829800393f

Medan Anders Mol og Christian Sørum står framfor si ultimate utfordring i Tokyo, er det freistande å reflektere litt rundt kva som skal til for å skape slike utøvarar. Sandvolleyball har, sidan Atlanta i 1996, skapt fleire olympiske utøvarar frå ein liten nasjon prega av vintersport, og 25 år seinare er draumen om den ypperste æra ein reell moglegheit. Dei neste vekene blir utruleg spennande for alle som er glade i våre idrettar. Kva er det som skal til for å lukkast som eit par i sanda, og kva er det som skil Anders og Christian frå resten av verda? Og kva kan vi gjere, både på parketten og i sanda, for å gjenskape slike draumar dei neste 25 åra? Eg gir det eit forsøk.

Lat oss ikkje gløyme følgjande; Idrettane våre må vere ein arena for glede og meistring frå vi tek våre første til siste touch på ballen, både på parketten og i sanda. Dersom vi hadde skvisa våre utøvarar gjennom eit system som ikkje har dette i fokus, ville vi blitt for få. Vi må forvalte den viktigaste ressursen, utøvarane våre, betre enn både større idrettar i Noreg, og nasjonane vi konkurrerar med. Med kyndig rettleiing frå trenarar og leiarar, er dette noko som er mogleg. Hugs at det i det store biletet ikkje handlar om å lære vekk korleis vi skal slå ballen, men meir om korleis vi kan få folk til å ville slå ballen mange gonger saman med andre, over lang tid. Dette er ikkje nødvendigvis gjensidig utelukkande! Lat berre ikkje det første gå på bekostning av det andre. Dersom du ikkje er den siste trenaren til ein ung utøvar, så har du lagt det viktigaste grunnlaget for at vi skal kunne lukkast på det høgste nivået i framtida. Kan vi bli betre?

Dersom vi skal få glede av å meistre noko, er det særs viktig at vi frå tidleg alder får lov til å gjere nok av det vi ønskjer å meistre. For sandvolleyball, handlar det om å få lov til å spele nok sandvolleyball. Anders og Christian har spelt mykje sandvolleyball, og samstundes fått mykje god rettleiing på vegen mot verdstoppen. Det som skil dei to idrettane våre, er likevel den store mengda uorganisert aktivitet frå tidleg alder, som utøvarane får i sanda. Når årstidene tillet det, treng ein ingen vaktmeister som kan låse opp hallen. Ein treng ein ball, ei bane, og nokre utøvarar. Og av det, får ein uvurderlege timar med utvikling og gode minner. Eg trur at vi må legge til rette for meir av den kulturen i hallen, når årstidene ikkje tillet at den skjer i sanda. På den måten, vil vi skape meir av den viktigaste arenaen for utvikling, og dermed auke sjansen for å lukkast uavhengig av kva grein ein måtte ynskje å drive med i framtida. I Noreg er det slik at sandvolleyball utviklar volleyball, og volleyball utviklar sandvolleyball. Vi må vere best på å sjå verdien av begge greiner, og spele kvarandre gode. Og det gjeld heilt opp til det øvste nivået!

Dersom ein skal lukkast saman med ein partner i sandvolleyball, så handlar det først og fremst om å forstå at oppgåva di er å gjere den som står ved di side betre. Denne oppgåva er universell for dei som ønskjer å lukkast i lagidrett over tid. Dei som saman forstår at dette er det viktigaste, og i tillegg klarar å oppriktig glede seg over at ein får det til, er dei eg trur kjem til å få dei beste resultata. Og ja, for å lukkast på det høgste nivået, må sjølvsagt alle andre ferdigheiter ligge i botn. Anders og Christian har bøttevis med ferdigheiter, og er best i verda på fleire områder. Samstundes er det fleire på det høgste nivået som har liknande ferdigheiter. Det som skil våre representantar i Tokyo frå dei argaste konkurrentane, sett frå mitt perspektiv, er forståinga og utføringa av den viktigaste oppgåva i lagidrett. Uansett kva resultat ein blir ståande med i årets OL, så har desse karane representert den viktigaste oppgåva i lagidrett på ein strålande måte gjennom mange år. Kombinert med ferdigheiter, er det noko som gjev grobotn for resultat. Dersom dei aldri gløymer dette, så har vi mange kjekke år i vente på tribuna og framfor skjermen!

https://imgresizer.eurosport.com/unsafe/1200x0/filters:format(jpeg):focal(984x511:986x509)/origin-imgresizer.eurosport.com/2021/07/26/3181833-65191928-2560-1440.jpg

https://imgresizer.eurosport.com/unsafe/1200x0/filters:format(jpeg):focal(984x511:986x509)/origin-imgresizer.eurosport.com/2021/07/26/3181833-65191928-2560-1440.jpg

Sjølv om det vil framstå litt annleis i dei ulike samanhengane, vil eg påstå at det grunnleggande er dei same mekanismane som ligg i botn for å skape suksess for våre idrettar i Noreg, heilt frå første til siste balltouch, uavhengig av nivå. Glede og meistring. Samstundes, må vi legg til rette for utfordringar og maksimal innsats. Anders og Christian er dømer på utøvarar som har lukkast med desse kombinasjonane. Eg håpar og trur at deira suksess i sanda både har inspirert, og vil inspirere fleire unge til å starte med både volleyball og sandvolleyball. Lat oss smi medan jarnet er varmt, og bli endå flinkare til å ta dei unge imot, ved å skape glede, meistring og effektiv læring. Eg reknar med at mange er einige i at det er lurt. Pass på at vi ikkje berre skriv og pratar om å gjere det, men at vi faktisk gjer det. Og om akkurat du legg ned ein ekstra innsats for å bli litt betre kvar dag, så er du ein viktig del av det vi klarar å få til!

Eg skulle kanskje starta med å seie at dette innlegget ikkje blir ei oppskrift på korleis du kan lære å blokke som Anders, eller angripe som Christian. Eg valde heller å skrive i overkant filosofisk og flytande om korleis vi kan legge til rette for at fleire kan ende opp med dei ferdigheitene dei har tileigna seg. Det er ikkje sikkert at eg har rett, men heller ikkje sikkert at eg tar så veldig feil. Dersom du har lest så langt, så håpar eg at du reflekterar litt rundt korleis du kan bidra. Men, ta refleksjonen mellom kampane i Tokyo. No skal nemleg karane våre berre spele litt sandvolleyball i OL, og vi skal kose oss med å sjå på. Det er faktisk lov å vere stolt, for om du er involvert i idrettane våre i Noreg, så er du ein viktig del av resultata vi oppnår. 

Sideout ønskjer Anders og Christian lukke til i Tokyo, og deg ein strålande sommar vidare! 

https://premium.vgc.no/v2/images/7a2ac814-9f70-4a1a-aeb9-a0aee7ca744b?fit=crop&h=1265&w=1900&s=c595e4eae7f616fba7f41cf238fc7755870c543c

https://premium.vgc.no/v2/images/7a2ac814-9f70-4a1a-aeb9-a0aee7ca744b?fit=crop&h=1265&w=1900&s=c595e4eae7f616fba7f41cf238fc7755870c543c

Next
Next

Positiv og vinnande energi på bana - Tips for å skape (eller potensielt øydelegge)