Lat oss bli betre, endå raskare!
Eg vel å nytte denne overskrifta til å sparke i gang den skrivande starten på reisa for Sideout sin blogg. Med jamne mellomrom tar eg sikte på å produsere innhald, der målet i utgangspunktet er det samme som for podkasten. Dersom eg, eller eventuelle gjesteskribentar som legg ut innhald, klarar å inspirere nokon, anten ved å gje tips og idear, eller ved å skape diskusjonar om korleis vi kan bli betre både individuelt og saman, så er vi på rett spor. Det kan sjølvsagt hende at noko vil provosere, men alltid med eit føremål om å bidra til utvikling. I mine auger handlar utvikling i stor grad om å vere open for endring, der ein heile tida evnar å utfordre seg sjølv på om det finnast ein betre eller meir effektiv veg for det ein ønskjer å få til. Den haldninga bør vi ha når det går bra, eller mindre bra, og i forhold til det vi tenkjer vi kan mykje om, eller det vi kan mindre om.
Denne skrivande reisa startar med eit tema som omfattar volleyball og sandvolleyball for alle aldrar, og alle nivå. Eg anar ikkje kvar vi ender opp her, og eg er ny i blogg-verda. Men, eg vil jobbe hardt for å bli litt betre for kvart innlegg, så hald ut!
Lat oss først setje ein viktig føresetnad for det som kjem vidare; målet for treninga i volleyball og sandvolleyball som konkurranseidrett er at vi trenar for å bli betre til å konkurrere i volleyball og sandvolleyball. Om det målet er i tråd med det du tenkjer som trenar eller spelar, vil det vere naturleg å hevde at ein ønskjer at det ein gjer på trening leiar til at laget eller utøvaren faktisk blir betre til nettopp det. Og gjerne så raskt som mogleg!
Over heile verda ser ein ulike filosofiar og løysingar for å bli best mogleg, som med framveksten av digitale verktøy og sosiale medier er tilgjengelege for dei aller fleste trenarar og utøvarar. Eit raskt søk i ein søkemotor som Google på trening eller øvingar i ulike idrettar, vil truleg gje fleire millionar treff, særleg i store idrettar som til dømes volleyball. Ein slik tilgang på informasjon kan gje gode moglegheiter til å hente kunnskap og inspirasjon, men stiller samstundes store krav til å kunne filtrere den informasjonen ein finn. Når det gjeld planlegging og gjennomføring av trening, vil truleg eit fåtall av trenarar kunne svare på og forstå kvifor ein, i eit vitskapleg perspektiv, vel dei metodane ein gjer. For mange står tradisjon sterkt, der ein gjerne planlegg og gjennomfører trening slik ein sjølv vart trent som ung, og nyttar øvingar og metodar som ein synes gjev meining for at utøvarane skal betre sine ferdigheiter. Kva veit vi eigentleg om korleis ein kan planlegge og gjennomføre trening på ein slik måte at vi aukar sjansen for at utøvarane faktisk blir betre? Kan det vi gjer i Noreg, gjerast endå betre?
Det vi eigentleg ønskjer, er at det vil vel å gjere på trening, skal overføre i størst mogleg grad til det vi ønskjer å få til seinare. Gjennom mange år med forsking, veit vi i dag mykje om nettopp korleis ferdigheiter overfører, meir eller mindre effektivt. For å nerde litt; her er spesifisitet eit nøkkelord som sikkert mange kjenner til. “Du blir hva du spiser”, var noko ein gammal reklame for knekkebrød hevda. Den påstanden er kanskje noko meir nyansert når det gjeld ernæring, men er ganske treffande om vi set den i samanheng med vårt tema. “Du blir det du trenar på”, er i mine auger korrekt. Men, på omlag same måte som med knekkebrød og ernæring, handlar det om å forstå kva følgjer det vi ønskjer å bli gode på bør ha for korleis vi trenar.
For oss, handlar dette først og fremst om å hugse på kva volleyball eller sandvolleyball faktisk er, og å la alt vi gjer på trening vere farga av nettopp dette. Det som kjem vidare i dette avsnittet er truleg sjølvsagt for mange, men eg skriv det likevel. I vår idrett kan ferdigheitene, med unntak av serv, karakteriserast som opne. Ei bane er delt av eit nett, og kvart lag kan nytte maksimalt tre slag på kvar side før ballen må sendast over nettet, der målet er å få ballen i bakken på motstandarlaget sin banehalvdel. Kvar ballveksling, eller kvart “rally”, resulterar i poeng til eit av laga. I bogeskyting har ein eit visst antal piler som skal skytast på ein fast blink, og idretten kan difor seiast å ha ein fast rytme. Vår idrett er avgrensa av reglar som til dømes antal slag og at ein ikkje kan halde ballen, men innanfor reglane kan spelarane bevege seg og spele ballen fritt. Ein utøvar i volleyball eller sandvolleyball må avgjere kvar og korleis ballen skal spelast ved kvar handling, og vidare avgjere kvar og korleis motstandarane kjem til å spele ballen, noko som i praksis gjer kvar situasjon unik.
Eg slenger ut ei blanding av eit spørsmål og ein påstand; kva er det som gjer at mykje av den “tradisjonelle” treninga i volleyball og sandvolleyball ikkje tar omsyn til det som er spesifikt med idretten vår? Fundamentert i vitskap, kan vi seie at trening med høg grad av spesifisitet er den treninga som vil overføre best. Det første ein bør hugse på med tanke på å trene spesifikt, er kva ei handling i volleyball, eller anna lagidrett med ball, faktisk består av. Spelet vårt, inne eller ute, handlar for ein utøvar om å oppfatte ein situasjon, vurdere situasjonen, bestemme seg for ei løysing, og utføre løysinga. Paradokset her er at mykje av treninga vår, gjerne i form av ulike drillar, kun handlar om å utføre ei løysing. Dokke som les, skjønar truleg etterkvart kvar eg vil. Ja, store delar av det vi gjer, må vere basert på å spele volleyball eller sandvolleyball i ein eller anna form, dersom vi ønskjer å trene mest mogleg effektivt med tanke på å bli betre. Det gjeld uansett alder, og uansett nivå.
Skal ein berre spele då, eller? Eg er ikkje heilt sikker sjølv. Det er ikkje nødvendigvis slik at ein ikkje kan ha ulike former for drillar i løpet av ei trening. Men, eg vil oppmode til at ein tar omsyn til kva som er spesifikt for idretten når vi planlegg ein drill. Lat oss ta eit døme; vi skal trene mottak. Ei typisk organisering som mange kanskje kjenner igjen, er at ein utøvar får x antal servar ned linja, og vidare det same diagonalt. I mange tilfeller vil ein utøvar kanskje også vite om det blir serva langt eller kort, og ein tar gjerne i mot til ein trenar eller spelar som fangar ballen. Lat oss mikse dette opp! I ei meir spesifikk trening vil utøvaren få servar frå ulike stader, der han eller ho heile tida må gjere nye vurderingar, og bestemme seg for nye løysingar. Og dersom utøvaren er angripar, vil han eller ho etter kvart mottak alltid hente seg tilløp for å angripe. Det vil som regel alltid vere to personar involvert i eit mottak, og difor tar vi omsyn til den samhandlinga i organiseringa vår. La mottakarane ta i mot til ein oppleggar, som får “ekte” repetisjonar på å legge desse ballane, i motsetnad til at ein trenar kastar ballar til oppleggaren på ei bane ved sidan av. Dersom vi kan hoppe og angripe etter eit mottak, sjølv om dette av fysiske omsyn ved nokre tilfelle må avgrensast, så gjer vi det! Det å legge ballar til ein angripar, eller gjerne fleire potensielle angriparar, der oppleggaren må ta eit val ved kvar repetisjon, er nærare volleyball enn det å legge til ingen, eller til eit fast punkt. Og når oppleggaren har lagt ein ball, vil han eller ho alltid dekke under blokka til angriparane. For dersom vi kan angripe mot blokkarar, i motsetnad til eit tomt nett etter å ha tatt mottak, så gjer vi det. Og dersom vi, etter at vi har serva, kan gå inn og spele forsvar med blokkarar framfor oss, så gjer vi det. Fordi vi “blir hva vi spiser”, og vi blir det vi trenar på!
Det er ikkje slik at dette alltid er svart-kvitt, og det handlar ikkje om å peike på noko som definitivt rett eller feil. Det kan vere at det å spele baggerslag opp mot ein vegg, i tidleg innlæring av ferdigheiter, kan ha ei viss overføring til det å bli flink i til dømes mottak seinare. Det å gjere noko, vil truleg alltid vere betre enn å ikkje gjere noko. Samstundes er den klare oppfordringa mi at så snart ein utøvar har forstått konseptet rundt det han eller ho skal gjere, til dømes korleis ein kan bruke armane til å vinkle ballen dit ein ønskjer i eit baggerslag, så bør ein setje dette i ein samanheng som er så nærme spelet som mogleg. Og, er det ein ting trenarar bør vere opptekne av når ein set opp ei trening, så er det å få ballen til å gå over nettet så ofte som mogleg! Det er, etter mi meining, ganske sentralt i vår idrett.
Kva vil konsekvensen av å trene så nære spelet som mogleg vere? Oppsummert, på ein nerdete måte, så vil det vere å trene med høgare grad av kognitiv aktivitet hos utøvarane enn det ein gjer per dags dato, basert på mine observasjonar i Noreg dei siste åra. Trening som har spelet i sentrum, og drillar som tar omsyn til dette, vil ikkje “sjå like bra ut” som å spele ein ball opp til ein vegg, eller ta x antal mottak i eit fast mønster. Det vil rett og slett vere meir krevjande. Det vil vere fristande for trenarar å “fikse dette”, ved å gjere det enklare og meir føreseieleg for utøvarane. Ein ønskjer sjølvsagt ei viss grad av meistring, og ein vil på enkelte område tilpasse samanhengen til utøvarane sine ferdigheiter. Men hugs dette; læring treng ikkje sjå bra ut, og vil ikkje alltid sjå bra ut. Akkurat dette er noko både trenarar og spelarar må forstå, når målet er læring på lang sikt. Spel, i rett form og samanheng, vil alltid skape den beste læringa. Korleis ein kan bruke spel og meir spelnære tilnærmingar i detalj, kan vi komme tilbake til ved eit seinare høve. Eg kan likevel allereie no avsløre at ein kan risikere å ha det kjekt, både som trenar og spelar. Trenar vi for å sjå bra ut på trening, med faste og føreseielege mønster, eller trenar vi for å prestere i ein idrett som ikkje er fast og føreseieleg? Eg stemmer på det siste.